Naturkunstnar Kristen Stavdahl

Naturkunstner Kristen Stavdahl

Eg begynte som målar hausten 1985. Eg har arbeidd mest med oljemåling, men har også vore innom acryl.

Eg teiknar og skisserer ein god del av større, omfattande ting eg skal måle. Eg likar kunstnarisk friheit og må få gjera ting på min eigen måte. Eg har måla alt frå tyristubbar til bygdeoriginalar, sjølv om kanskje ikkje avstanden alltid er så stor.

Det er viktig for meg å få reven og tiuren til å leva i bilda. Mangfaldet i naturen med dyreliv, planter, skog og folk er brikker som må passe nøye saman. Eg likar best å arbeide med tømmerstugu, dyremotiv og ting som er litt originale. Men det viktigaste er samspelet mellom lys og motivet. Dette må stemme og følast rett før eg henger eit bilde på veggen.

«Sakkarias ette landevegen», «Markenstider på Fagernes» og «Utta klave o band» er av dei mest kjende motiva mine. Dei fortel nettopp om samspelet mellom folk og naturen vi lever i. Eg har vore jeger og skogsmann all min dag og håpar det kjem fram i måleria mine. Eg har lært å fryse saman med skogen.

Det er ikkje så ofte bilda mine blir skåla til med snitter og brusande sjampanje. Eg stiller mest ut på messer og utstillingar som treffer eit jordnært publikum. På Rørosmartnan og Villmarksmessa i Oslo har mange av bilda mine funne ein ny eigar. Eg hadde æra av å stille ut for H. M. Kong Harald og H. M. Dronning Sonja på Bagnsmoen under det offisielle besøket deira i Valdres den 9. juli 2010.

Eg held også vising etter avtale. Ta kontakt! Eg tek på meg målingsoppdrag om motivet fasinerer kunstnarsinnet.

Sjå også: – Kristen Stavdahl på Wikipedia

Kristen Stavdahl sin signatur